Toppturar i Sunnmørsalpane

    Kr 399,-

    FRI FRAKT PÅ ALLE BØKER!

    Ny skiførar til fjella kring Hjørundfjorden, Austefjorden og Storfjorden.

    Det spesielle med Sunnmøre er det store mangfaldet – breidda – spennvidda av ulike typar naturopplevingar ein kan få innanfor korte reiseavstandar. Frå dei sunnmørske fjelltoppane ser ein utover eit fantastisk alpelandskap og rett ned i djupe fjordar, og ute ved kystlinja kan ein sjå kveldssola gå ned i Atlanterhavet. I Sunnmørsalpane sin fasinerande natur finn ein sitt eige, høgst personlege eventyr, utan å måtte stå i kø eller betale mykje pengar for opplevingar i naturen.

    Hovudtanken med denne boka er å vise det store mangfaldet av opplevingar ein kan få som skiløpar i regionen. For at du skal få lettare tilgang til alt dette, gir vi deg her grundige ruteskildringar og ruteskisser frå det vi meiner er dei 80 beste toppturane i Sunnmørsalpane innanfor ulike kategoriar: korte og lette, lange og krevjande og bratte og ekstreme. Drøym deg vekk med boka ein regnvêrsdag – og realiser draumane dine ein skredtrygg solskinsdag!

    Stig J. Helset (44 år) er ein ørsting busett i Volda som likar seg best ute i naturen! Han har klatra og klive, rent og ramla i Sunnmørsalpane sidan far hans tok han med frå han var ein neve stor. Stig er forfattaren. Han har skrive alle ruteskildringar og dessutan teikna inn alle ruter på oversynsbileta i denne boka. Til dagleg arbeider han som førstelektor i norsk språk ved Høgskulen i Volda.

    Håvard Myklebust (24 år) frå Bjørke bur no i Volda. Trass sin unge alder, har han gått dei aller fleste toppturane som er skildra i denne boka – ustanseleg på jakt etter blinkskotet. Håvard er med andre ord fotografen. Han er utdanna ingeniør, men satsar for tida fulltid som fjellfotograf.

    Omtaler

Kunder som kjøpte dette produktet, kjøpte også